PÅ TURNÉ: Hilde Selvikvåg startar turneen på Sognefjellshytta fredag. (Foto:Trine Selvikvåg)

Startar turné på Sognefjellet

Hilde Selvikvåg skal vitja særmerkte plassar på ny konsertturné der ho vil setja fokus på gjenbruk.

Publisert 05.09.2019 kl. 21.00.

Artisten Hilde Selvikvåg frå Jæren har på kort tid gjort suksess med låtar som «Karusell», «Indie» og «Anemone», og er nominert til spelemannsprisen.


No er ho aktuell med ny turné til særmerkte plassar som ho lenge har drøymt om å spela på.


Med i bagasjen har ho pianoet og sambuaren Eirik Stakkeland, som er lydteknikar.


- Ekstra dimensjon

Fredag 6. september startar Selvikvåg turnerunden med konsert på Sognefjellshytta, og dagen etter skal ho opptre på skyliften i Loen.


- Eg likar å oppsøkja naturen og fine bygningar for å bli inspirert, både når eg skal skriva ny musikk og når eg skal ha konsertar, seier ho, og utdjupar:


- Dei flotte omgjevnadene gjev ein ekstra dimensjon til musikken, og det vert ei heilt unik oppleving både for meg som står på scenen og for dei som ser på.


Vil fremja gjenbruk

Som artist har Selvikvåg kjent på det stadige presset om å fornya seg, men i det siste har det vakse fram eit ynske om å forlata denne bruk-og-kast-mentaliteten og heller fremja eit meir nøkternt klesforbruk.


Ho har difor gått saman med syersken Ingrid Bergtun, som er kjend frå NRK-serien Symesterskapet.


Dei to, som begge er fødde i 1991, har vore på stoffjakt på Fretex, der dei har funne ein nostalgisk raudrutete tekstil.


Av denne har dei denne veka sydd eit antrekk til turneen, som fyrst skal takast i bruk på premierekonserten på Sognefjellet, og deretter bli med på heile reisa.


Vona deira er at prosjektet kan inspirera fleire til å laga unike, miljøvenlege og rimelege plagg som ein vert glad i og kan bruka mange gonger.


Les meir om: Nyhende Kultur Luster Musikk

Siste saker Gå til framsida