Startar reguleringsarbeid på Gjerde

Publisert 14.07.2019 kl. 13.14.

Leikanger kommune varslar oppstart av reguleringsplanarbeid for del av Gjerde i Leikanger kommune. Tiltakshavar er Per Steinar Melås.


«Føremål med planarbeidet er å forbetre tilkomst frå fylkesvegen, lage tilfredstillande vegløysing og parkeringstilhøve på eigedomen. Det skal også leggjast til rette for anna arealbruk, m.a. for ei utviding av bygget «Villmarka» på omlag 500 m2. Formannskapet i Leikanger kommune gjorde vedtak 3. juni om at planarbeidet kan setjast i gang. Framlegg til planprogram  dannar grunnlag for planarbeidet. Frist for Innspel/merknader til planarbeidet er 16. august», skriv kommunen på heimesida.


Les meir om: Nyhende Notis Leikanger

Siste saker Gå til framsida