
Startar planlegginga av ny vegtrasé mellom Sogndal og Kaupanger
Planlegginga av ny vegtrasé på riksveg 5 mellom Loftesnes (Sogndal) og Kaupanger startar i haust.
Publisert 10.10.2018 kl. 12.57.
Det melder Statens vegvesen.
Målet er å få på plass ein betre og tryggare hovudveg. Dei mest aktuelle løysingane er ny tunnel frå Loftesnes/Hagalandet opp mot Valeberg/Vestreim. Vidare forbi Kaupanger kan det vera aktuelt å leggja riksvegen bak industrifeltet.
Ny veg ligg ikkje inne i Nasjonal Transportplan 2018-29, men Statens vegvesen har starta eit planarbeid for å få avgrensa kva areal på Loftesnes/Hagalandet og Kaupanger som må bandleggjast til ein framtidig veg.
Formell oppstart av planarbeidet er lagd til månadsskiftet november/desember.