FERJE: Drifta i første kvartal er gjennomført etter plan med ein driftsregularitet på 99,82 prosent, opplyser Fjord1. Her frå ei ferje til kai på Mannheller. (Arkivfoto)

Stabil drift i første kvartal: - 2019 vil bli eit spesielt år for Fjord1

Fjord1 fekk eit resultat før skatt på 18 millionar kroner i første kvartal av ein omsetnad på 640 millionar kroner.

Publisert 15.05.2019 kl. 11.03.

Nedgangen i omsetnad og resultat samanlikna med 2018 er som venta og skuldast avvikling av tre trafikktunge samband i 2018, oppstart av to nye samband, samt førebuing til oppstart av totalt ni nye samband som Fjord1 skal operera frå 01.01.2020, vert det opplyst i ei pressemelding frå selskapet.


Fjord1 har starta opp fire nye ferjekontraktar i første kvartal. Det er tatt levering av to miljøvenlege fartøy for drift av sambandet Hareid-Sulesund.


Drifta i første kvartal er gjennomført etter plan med ein driftsregularitet på 99,82 prosent.


- Som tidlegare annonsert vil 2019 bli eit spesielt år for Fjord1 med særs høg aktivitet og med førebuing til oppstart av nye anbodskontrakter i 2020 med krav til låg- eller nullutslepp og miljøvennlege fartøy. Det er gledeleg å sjå at me er godt i gong med å elektrifisera flåten vår. I 2018 tok me imot sju el-nybygg. Me har tatt levering av to fartøy så langt i år, og planlegg å ta levering av ytterlegare 14 fartøy i 2019. Frå 2020 vil Fjord1 operera meir enn 30 elektriske fartøy, fortel Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.


Selskapet har passert ein viktig milepæl innanfor reiselivssatsing ved stifting av Vy Fjord1 Reiseliv AS i samarbeid med Vygruppen AS, vert det peika på i pressemeldinga.


Les òg: Ferjekaien på Mannheller gjer seg klar til det grøne skiftet


Les meir om: Nyhende Samferdsle