PROVET: Videofilmen frå køyreturen vart brukt som prov i retten som kom til at den reelle farten var minst 150 km/t.

Speedometeret viste 170 km/t- no har 21-åringen fått dommen

21-åringen filma speedometeret på bilen då det viste 170 km/t i Amlatunnelen.

Publisert 18.05.2019 kl. 00.01.

Sogn og Fjordane tingrett meiner sogningen bør få 36 timars samfunnsstraff. Inkludert i dommen er bruk av hasj og amfetamin, og eit tilfelle av vald mot ein polititenestemann.


21-åringen filma bevisa mot seg sjølv. Videosnutten av speedometeret under råkøyringa i Amlatunnelen låg på mannen sin mobiltelefon. I tillegg fann politiet foto av det retten meiner er røyking av hasj og av eit kvitt pulver som vart sniffa.


I retten forklarte 21-åringen at dei hadde sniffa knuste smertestillande tablettar av Paracet og Ibux.


Minst 150 km/t

Sogn og Fjordane tingrett legg til grunn at mannen køyrde i minst 150 km/ t då han filma. Det er i tråd med påstanden mannens forsvarar, advokat Louis Anda, la ned i retten.


Mannen hadde med seg ein kamerat i bilen under køyringa som skjedde i desember 2016.


 


Tingretten kallar slik åtferd i trafikken for «grovt uforsvarlig og forbundet med særlige faremomenter» Retten legg samstundes til at det ikkje oppstod konkret fare under den aktuelle køyreturen, utan at det betyr noko for straffa.


21-åringen er tidlegare ustraffa. Retten legg vekt på at det gjekk lang tid før saka kom opp for retten. Normalt ville tilhøva mannen vart dømd for ha gitt ei kort fengselsstraff utan vilkår, men retten finn det rett at han kan gjera opp for seg med å jobba 36 timars samfunnsstraff.


Les meir om: Nyhende Politi

Siste saker Gå til framsida