EVAKUERTE: Her i kjellaren på restauranten måtte gruppa frå Fotefar venta medan dei var evakuerte. (Foto Jan Inge Fardal)

Sogningar tett på drama i Las Vegas

Måtte evakuera då alarmen gjekk.

Publisert 02.10.2017 kl. 09.08. Oppdatert kl. 13.04.

- Det er mange som er veldig skremde, men me har det heilt bra no, seier Jan Inge Fardal, redaktør i Sogn Avis, på lesartur med Fotefar.


På telefon fortel han om dramatiske timar for reisefølgjet på om lag femti personar, leia av Torill Parteny og ektemannen Rolf.


Dei sit på ein restaurant i same område som der fleire personar skal vere skotne og dramaet framleis er stort.


Dette skriv VG om saka:


- Me har avskjedsmiddag med gruppa i kasinoområdet og gjekk like forbi Mandalay Bay på veg hit til  restauranten som ligg litt lenger oppe på stripa, seier Fardal.

DRAMA: Reiseleiar Torill Partenyi har med seg ei gruppe på femti på tur med Fotefar til mellom anna Las Vegas. Her i restauranten dei no sit innesperra i og ventar. (Foto Jan Inge Fardal)

Evakuera

I reisefølgjet på femti er det seksten-sytten sogningar som er med Fotefar og Sogn Avis på lesartur. Dei fekk ei skremande oppleving då alarmen gjekk i restauraten.


- Då vart det full panikk, alle sprang mot nødutgangen og ned ei trapp til kjellaren her. Der vart vi ståande ei stund før me fekk beskjed om at det var trygt å gå opp att. Så no sit vi restauranten og alt er avstengt, rapporterer Fardal frå Las Vegas der klokka er midnatt no.


Han understrekar at alle i gruppa er trygge og har det ut frå omstenda bra, men kva som skjer vidare veit dei ingenting om.


 


 


Skremde

Dei følgjer med skytedramaet på nettet og veit ikkje meir enn det dei får informasjon om gjennom nyhendesendingane.


- Me veit ikkje kor mange som er skotne eller om gjerningsmennene er tekne. Kort sagt me veit ingeting, anna enn at dei seier me er trygge her, men folk er veldig skremde og redde, seier Fardal. 


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida