LOTTO: Denne maskina har trekt mange lottmillionærar i Sogn og Fjordane. (illustrasjonsfoto, Norsk Tipping)

Sogndøl stakk av med største lottopremien i fylket

14 millionar Lotto- og Jokerkroner hamna i Indre Sogn i fjor.

Publisert 16.01.2019 kl. 20.00.

Den største på over 7,6 millionar kroner gjekk til ei kvinne frå Sogndal i oktober. Nyleg passerte Norsk Tipping 10.000 millionvinnarar. I følgje ei pressemelding har Sogn og Fjordane hatt 252 millionvinnarar sidan 1978.


I 2018 vann 18 personar i Sogn og Fjordane over ein million kroner. Ti av dei vann på Lotto. Ein mann i Årdal vann vel to millionar kroner i Joker. Ein mann frå Leikanger vann ein million på hurtigspel.


To menn frå Sogndal og ei dame frå Luster vart lottomillionærar i fjor, og vann nøyaktig ein million kroner kvar.


Av dei seks vinnarane i Indre Sogn hadde fire spelt via mobil, og to via kommisjonær viser statistikken frå Norsk Tipping.


 


 


Les meir om: Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida