PRIS: Sogndal Fotball mottok torsdag nynorskpris frå Noregs Mållag. (Foto: Lotte Olsen Jessa / NRK)

Sogndal Fotball får Nynorsk næringslivspris: - Denne er me stolte av

- Sogndal Fotball er ein klubb som er stolte nynorskbrukarar.

Publisert 06.12.2018 kl. 12.00. Oppdatert kl. 12.31.

- Når Sogndal Fotball gjennomført brukar nynorsk, gir det eit signal til både norsk toppfotball og andre om at nynorsk er eit heilt kurant skriftspråk på alle arenaer i Noreg, sa leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn då Nynorsk næringslivspris vart delt ut i dag.


Sogndal Fotball ved sportssjef Håvard Flo tok imot prisen i samband med ein treningskamp i Sarpsborg.


- Det er veldig kjekt å få ein slik pris. I klubben er me veldig opptekne av å bruka nynorsk, det er difor ekstra kjekt å bli sett på som ein klubb og ei bygd som kommuneiserer nynorsk på ein god måte, seier Flo.


- Stolt

For juryen har det vore ein føremon at Sogndal Fotball ikkje er ein heilt tradisjonell næringslivsaktør. I grunngjevinga skriv dei:


- Me legg vekt på å gi prisen til firma som i praksis utvidar området der folk flest i dette landet møter nynorsken. Sogndal Fotball er eit slikt firma - ein fotballklubb som er stolte nynorskbrukarar.


Yngve Hallén i Sogndal fotball synes det er veldig kjekt å få prisen.


- Dette er ein pris me er stolte av å få. Språket er ein viktig del av identiteten vår, og fotball handlar om identitet.


Han fortel at klubben bevist brukar nynorsk i kommunikasjonen.


- Me brukar nynorsk og dialekt bevist. Slagordet vårt «Stao no pao» er ein viktig del av oss. Men så hender det at me tråkkar feil, så denne prisen forpliktar for framtida.


Hard konkurranse

Noregs Mållag har delt ut Nynorsk næringslivspris sidan 2006, og Sogndal Fotball er tiande i rekkja som får heideren. Magne Aasbrenn seier i pressemeldinga at konkurransen blir hardare for kvart år.


Nynorsken siglar i medvind i næringslivet, for det ser ut til at stadig fleire næringsdrivande nyttar nynorsk som marknadsføringsspråk.


I tillegg til Magne Aasbrenn sit Olin Johanne Henden, Arne Hjeltnes, Nina Berge Rudi og Øystein Skjæveland i juryen.


Tidlegare vinnarar av Nynorsk næringslivspris er mellom andre Kleven Maritime, Ægir Bryggeri, Dyrsku'n og Lerum.


Les meir om: Nyhende Sogndal Fotball

Siste saker Gå til framsida