GODE PÅ Å HJELPA: Sogndal kommune kjem på tredjeplass i fylket i testen. (Arkivfoto)

Sogndal blant dei beste i kommunetest - sjekk resultatet til kommunen din

Førde kjem best ut i Sogn og Fjordane i årets kommunetest, følgt av Selje og Sogndal.

Publisert 11.02.2019 kl. 07.11. Oppdatert kl. 07.14.

Vik som var best i førre kommunetest er å finna midt på lista i årets kommunetest.


Heilt nedst er Lærdal, medan Balestrand er nest nedst. Best i landet er Nesset kommune i Møre og Romsdal.


Forbrukerrådet har testa kor gode kommunane er til å hjelpa folk som har spørsmål om ulike kommunale tenester.


Alle kommunane er testa, på til saman nesten 30.000 opplysningar via telefon, e-post og nettsider.


I tabellen under kan du finna resultatet til kommunen din: