GLER SEG: Erlend Eiken Oppedal, Vemund Åsnes Skjerdal, Liva Åsnes Skjerdal, Tor Magne Eiken Oppedal og Hans S. Hamre gler seg til å opptre på Ung scene. (Foto: Ingrid A Liheim)

No er dei klare for Ung scene

I kveld, fredag, går Ung scene av stabelen i Leikangerhallen i Saften.

Publisert 11.01.2019 kl. 10.01. Oppdatert kl. 10.13.

Bandet Hard to Live frå Leikanger er no klare for Ung scene.


- Me har øvd lenge til dette. Me er spente, seier Tor Magne Eiken Oppedal.


Han er bassgitaristen i bandet Hard To Live, som består av han, Erlend Eiken Oppedal, Liva Åsnes Skjerdal, Vemund Åsnes Skjerdal og Hans S. Hamre.


Møteplass

Det var dei, saman med dansegruppa Tendua frå Leikanger som tok initiativet til Ung scene. Arrangementet er for dei ein viktig møteplass for ungdommar i heile den nye storkommunen Sogndal.


- Det er viktig å gi oss ungdommar ei scene der me kan ha ein sjanse til å visa oss fram, meiner Tor Magne.


Dei andre bandmedlemane stemmer. - Me gler oss til å opptre og ha det kjekt!


Når Hard To Live blir spurt kvifor dei starta band, seier dei klart og enkelt; - Me hadde rett og slett lyst. Så då gjorde me det.


Bandet samlast tidleg i fjor, og har sidan dette øvd mykje, både til Ung scene, men også til andre arrangement. Dei skal i år vere med på både UKM 2019 og Påskerock.


- Me gler oss til litt konkurranse, men det er kjempekjekt å berre spela for gøy, seier Liva.


Ho er vokalisten i bandet, og har hatt opptredenar utanom bandet.


Musikkbinge

Dei øver omkring ei gong i veka i Leikanger musikkbinge, som er eit øvingslokale eigd av Leikanger kommune der alle som vil kan søkja om å leiga lokalet til å spela. Det ligg sentralt til på kaia, og er ifølgje bandet ein fantastisk moglegheit.


- Me skal mest sannsynleg spela eit sett på åtte songar på Ung scene, seier Liva.


Dei er eit rockeband, og har tatt inspirasjon frå fleire legendar når det gjeld kva songar dei skal spela.


- Me er vel inspirert av alt frå The Beatles til Green Day og Bruce Springsteen, fortel Hans.


- Følg draumen

Hard To Live oppfordrar fleire unge til å følgja draumane sine og starta band.


- Det er kjekt å spela i band. Det er veldig sosialt, seier trommeslagaren Vemund.


Han ser ut til å storkosa seg med trommesettet sitt, slik dei andre bandmedlema gjer med sine instrument; Tor Magne spelar bass, Erlend spelar el-gitar, og Hans briljerer med både keyboard, munnspel og trombone. Liva har sjølvsagt si eiga stemme som sitt instrument.


Før dei set i gong med ein av dei aller siste øvingane før Ung scene, kjem Hard To Live med gode tips til ungdom som vil starta band.


- Har du lyst til å starta band, så er det berre å gjera det, gjentar Tor Magne.


Vemund er einig.


- Det er og viktig at du vel det rette instrumentet for deg, og at du startar band saman med folk du trivst med. Elles kjem du nok ikkje langt, meiner han.


Hans kjem med eit siste tips. - Sjekk om kommunen din har musikkbinge: viss ikkje, send klagebrev!


Les òg: Eit arrangement for ungdom, med ungdom og av ungdom