PÅ SCENA: Gunn Marit Kvåle står på scena under Hjartebank i Sogndal. (Pressefoto)

Gunn Marit (18) gler seg til å opptre med kjendisane

Gunn Marit Kvåle skal opptre på Hjartebank.

Publisert 24.09.2019 kl. 17.00.

Torsdag 26. september vert gratiskonserten «Hjartebank» arrangert i Sogndal og unge og gamle frå heile Sogn er venta å strøyma til for å få med seg den lokale hendinga.


Me får sjå både kjende artistar som Kjartan Lauritzen og «White man dancing», og TV-personlegdommar som Harm og Hegseth.


Ei av dei som også opptrer på arrangementet er Gunn Marit Kvåle frå Sogndal. Ho gler seg stort til å kunne opptre i lag med dei andre kjendisane.


Spelejobbar kvar veke

Gunn Marit er ein del av ein musikalsk familie og har heilt sidan ho var lita interessert seg for musikken. Song og å spela instrument er noko ho elskar, og ho trivst godt med å stå på scena. I fleire år har ho vore med på diverse konsertar og framsyningar og no har ho spelejobbar oftare og oftare.


- I periodar kan eg ha eir enn ein jobb i veka, seier ho.


Det er mykje Gunn Marit likar med å stå på scena men det ho likar best ar at ho får formidle noko til publikum.


Stas å spela med kjendisar

Er det noko den unge songaren har lært seg så er det at det er viktig å verte kjend med folk. Då ho fekk spelejobben på Hjartebank var det fordi det er kjenningar som er arrangørar.


- Eg spurte dei om det kanskje var mogleg med eit oppvarmingsnummer og det tok dei vidare til Bergen Live som arrangerer konserten, forklarar ho.


Ho tykkjer det er kjempestas å få spela med dei andre artistane som skal opptre og er glad for at ho fekk moglegheita.


- Samstundes så kjem eg til å føla meg ganske lita ved sida av alle dei andre artistane, legg ho til.


Gjer seg stort

Mange unge songarar som fekk denne moglegheita hadde vore litt nervøs for å spela framfor eit slikt publikum. På Facebook-arrangementet til Hjartebank-konserten er det over 500 som har trykt «skal» og vel 1000 stykk som er interesserte i arrangementet. Nervøsiteten er noko Gunn Marit ikkje føler så veldig på.


- Eg gler meg eigentleg berre til å stå der, smiler ho.


Ho er glad for at ho slepp å bekymra seg for å verte nervøs for ho skal opptre.


- Eg føler meg heldig som slepp å tenkja på sceneskrekk før eg skal framføra noko.


Musikken er draumen

For tida går Gunn Marit siste året sitt på studiespesialiserande linje på Sogndal VGS, men i framtida ser ho føre seg at musikken kan verte ei karriere.


- Eg kjem nok til å satsa på musikken, seier ho.


Den store draumen er å kunne gje ut eit album eller «ein del av ho» som ho sjølv kallar det. Ho ønskjer å kunne opptre med eit band og at folk kjem for å høyra på musikken hennar.