LÆRTE FORT: Emma Digernes reiste til Frankrike for å gå på vidaregåande, utan å kunna fransk. Etter eitt år snakkar ho språket omtrent flytande. (Begge foto: Private)

Emma går på skule i Frankrike: - Det er ein heilt annan tenkjemåte enn eg opplevde heime

Emma Digernes (17) kunne ikkje fransk då ho flytta til Frankrike. No blir ho vurder på lik linje med franskmenn på litteraturlinja i Bayeux.

Publisert 24.03.2019 kl. 16.00.

- Det starta med at eg og mamma snakka om utdanning i utlandet. Ho visste om ei som hadde teke det, og fortalde meg om moglegheita. Eg tenkte med det same at dette var noko eg ville gjera, fortel jenta frå Leikanger.


Med det starta søknadsprosessen, og Emma fekk plass. Ho flytta til Frankrike og byrja på Lycée (vidaregåande utdanning) i Bayeux, utan å kunna fransk.

FÅR OPPLEVA MYKJE: Å bu tre år i Frankrike gir moglegheit til å utforska mykje meir enn berre Paris.

Fekk god hjelp

- No, etter eitt år er det heilt greitt å snakka fransk, men i starten forstod eg ikkje korleis eg skulle klara å skriva franske tekstar, og ikkje minst ta eksamen.


Heldigvis hadde Emma og dei andre norske elevane på skulen mange som ville læra dei språket, lærarar som hjelpte til med privattimar, norsklærar og vertsfamiliar som dei budde hjå i helgene.

LANGE DAGAR: Det er lange skuledagar for elevane på Lycée.

Får mykje ut av det

- Korleis er Lycée forskjellig frå utveksling?


- Det skil seg frå vanleg utveksling først og fremst fordi det er heile vidaregåande-studiet og ikkje berre eitt år. Eg veit at eg skal ta eksamen her.


- I tillegg syntest eg det verka interessant fordi det er ei fullstendig kulturell oppleving, så eg får mykje ut av det og lærer meg flytande fransk.


Etter det første året flyttar elevane i leilegheit for seg sjølve, noko som gir ei større kjensle av studentliv og meir innsikt i fransk kultur.


- Det er litt som å bu på hybel, men samstundes kjenner eg meg meir som ein student. Alt er gjennom eit leigebyrå så me har ingen vaksne som ordnar, og me må fiksa alt sjølv.


Strenge reglar

Noko av det Emma meiner gjer det verdt å fullføra vidaregåande på fransk er det anerkjende french baccalaureate diplomaet som opnar fleire dører til høgare utdanning.


- Omrekningssystemet til norske karakterar er ganske snilt, men eg har framleis inga aning på kva eg vil vidare.


- Korleis skil det seg elles frå «vanleg» vidaregåande?


- Det som sjokkerte meg mest då eg kom, var røykje-hjørnet på skulen der lærarar og elevar røykjer i lag. Det er lov, men så er det reglar om at me ikkje har lov til å sitja i trappa, og så må eg kalla læraren min madame. Det strenge systemet kan vera både positivt og negativt, då forholdet mellom lærar og elev blir veldig distansert, men eg lærer meir om respekt i ein annan kultur og det gjer at eg tar skule meir seriøst.


Lange dagar

Det er lange dagar for elevane.


- Ein typisk dag for meg er skule frå 08.00 til 17.30, så fire timar med lekser på kvelden. Me må også skriva alt for hand, i staden for å bruka datamaskin. Sjølv om det krev mykje meir av meg kjenner eg at det er verdt det sidan eg lærer utruleg mykje av det.


Når alle har så mykje skulearbeid blir leksene til ein sosial aktivitet som hjelper på motivasjonen.


- Det er ein heilt annan tenkjemåte enn eg opplevde heime. Her aksepterer alle om du går glipp av trening fordi du har for mykje jobb å gjera.


Nytt perspektiv

Emma fortel at ho ikkje har heimlengsel sjølv om det går litt i bølgjer.


- Utdanning i utlandet blir ofte snakka om som «den beste tida i livet», men eg trur definitivt ikkje det er det for alle. Det er veldig utfordrande å integrera seg i eit nytt ungdomsmiljø med eit heilt nytt språk og skulesystem. Eg har mykje meir respekt for utlendingar som prøver å læra norsk i Noreg no etter å sjølv har vore i den situasjonen at eg blir utanfor sosialt fordi eg har for lite språkleg kompetanse til å kunna delta i samtalen.


Alt i alt vil Emma anbefala andre å reisa utanlands i utdanninga viss ein er klar for ei utfordring. Det er verdt det, meiner ho.


- Mellom anna har eg hatt moglegheit til å reisa rundt i heile Frankrike og fått sett mykje meir enn berre Paris. Eg er veldig takksam for at eg har lært meg fransk på så kort tid og for alle eg har møtt på vegen.