SKAL BU I USA: Eirik Moen skal bu og gå på skule i USA i åtte månader. (Foto: Rakel Hamre)

Eirik (17) skal på gå skule i USA: - Fotballbana deira er større enn heile skulen vår

Eirik Moen er på utveksling i USA.

Publisert 28.09.2018 kl. 21.00.

- Eg kjem til å sakna fjell.


Tysdag reiste Eirik heilt åleine frå Leikanger til Chicago for å vera vekke i åtte månadar, og gå på skule der. Han håpar å få meir utbytte av utdanninga si og få språket og kulturen meir under huda.


Kontrast

- Eg gler meg til å sjå korleis USA er som land, sidan me les og høyrer så mykje om det i media. Eg håper at eg får bekrefta eller avkrefta inntrykk, og så blir det veldig spennande å sjå korleis det er å bu i ein amerikansk familie og sjå korleis skulen er. Spesielt kanskje fordi mange i Noreg har ei oppfatning av at amerikanske familiar et på McDonalds annakvar veke og at skulane er gigantiske.


Skulen Eirik skal gå på har i underkant av 3.000 elevar, så han ser på det som ei utfordring i seg sjølv å orientere seg.


- Ganske stor kontrast frå Sogndal VGS, på google maps såg eg at fotballbana deira er større enn heile skulen vår.


Gruar seg ikkje

Eirik reiser med organisasjonen AFS, som han fekk anbefalt av rådgjevar på i Sogndal. Han har både skypa og utveksla e-post med vertsfamilien, som han tykkjer verkar veldig grei.


- Eg fekk ikkje vertsfamilie før 30. august, som er ganske seint. Først tenkte eg «herregud det er ingen som vil ta meg imot», så det var veldig lettande å endeleg få familie. Dei har to ungar på min alder og ein hund, det blir veldig spennande å møte dei og bu der. Eg vil prøva å bli godt kjent med dei før eg prøver meg litt på amerikanske sportar som baseball og tennis.


Det er ikkje anbefalt av organisasjonen å få besøk i løpet av dei første seks månadane, men det trur ikkje Eirik blir noko problem.


- Det eg kjem til å sakna blir nok fjell her heime, naturen og bygdelivet, det blir ein stor kontrast til bylivet i Chicago. Det tyngste trur eg blir jetlag i starten og meir lekser enn eg er vand med, men etter kvart går det fint. Eg har trass alt lært engelsk i elleve eller tolv år no, så eg trur språket skal gå greitt. For å halde vener heime oppdatert har han starta blogg der han deler opplevingar og inntrykk.


Blir som eit nytt liv

Før avreise er Eirik ganske nervøs men mest glad og nysgjerrig. Han byrjar rett på skulen og finn ut av fag med rådgjevar så snart han er framme. Sidan han er idrettselev i Noreg tek han programfaga som privatist.


- Eg veit ikkje om det er andre utvekslingselevar på skulen, men eg håpar ikkje det. Det verkar på ein måte meir autentisk dersom det berre er meg og amerikanarane. Det blir som eit nytt liv.


- Familien sa eg burde pakke med varm jakke, så det blir vel det og litt klede så er eg good to go!