FALL FOR SKULEN: Philip Eithun af Geijerstam deltok på bli kjend- helg på Sygna, fall for skulen og vart eleve der. Denne helga kan nye elevar besøka skulen på bli kjend-helg. (Foto: Sander Fjærestad)

Bli kjend-helg på Sygna var avgjerande for Philip - i helga kan ny ungdommar besøkja skulen

Philip Eithun af Geijerstam (18) var usikker på kva vidaregåande skule han skulle velja, men etter bli kjend-helga på Sygna var valet klart.

Publisert 22.03.2019 kl. 11.00.

Sygna VGS er ein kristen privatskule drive og eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband

Skulen tilbyr:
Studiespesialisering
Kunst Design og Arkitektur
Idrettsfag
Helse og oppvekstfag
Born og ungdomsfag
Helsearbeidarfag
Påbygg til generell studiekompetanse

I dag går Philip i 3. klasse på Sygna vidaregåande skule i Balestrand, og angrar ikkje eitt sekund.


- Eg var på mi første bli kjend-helg vinteren 2016, etter eg hadde søkt meg inn på Sygna, men eg var ikkje sikker på om skulen var noko for meg. Etter at eg var på bli kjend-helg opna sinnet seg litt.


Mykje sosialt

Philip fortel at det beste minnet frå vinterhelga i 2016 var alt det sosiale.


- Det sosiale samhaldet og fellesskapet på Sygna var noko unikt. Det var betre enn eg hadde forventa. Alle var venlege, russ som førsteklassingar, og eg følte meg inkludert på skulen allereie ved første stund på bli-kjend helga.


Sygna arrangerer denne helga bli-kjend helg for alle som har søkt på skulen og dei som allereie går på skulen. Helga består av mykje sosial aktivitet, god mat og ein skikkeleg smakebit på korleis livet på ein kristen privatskule er.


- Eg trudde sjølv det skulle bli mykje religion, og kanskje so mykje at det vart rart, men det var faktisk ikkje so gale som eg trudde. Etter tre år på denne skulen tykkjer eg ikkje det er for mykje kristendom, og eg som ikkje ser på meg sjølv om ein kristen person tykkjer dette er ein god skule med gode lærarar og gode medelevar, seier han.


Ny bli kjend- helg

Under bli-kjend helga får dei besøkjande elevane lov til å overnatta på skulen sine åtte internat tett på elevane som går der i dag.


Philip er ein av dei frå bygda som ikkje treng å bu på internatet på Sygna, men han tykkjer det verkar interessant å bu på skulen som ein går på. Han seier det er kjekt å bu heime også, men at han av og til er på besøk på internatet hjå kompisane sine.


- Vil du anbefala å gå på Sygna eller bli med på Bli-kjend helga?


- Ja. Det er noko av det kjekkaste eg har gjort, og eg veit ikkje korleis livet ville vore utan Sygna. Til og med eg som ikkje er kristen, glir rett inn i det sosiale og eg kjenner meg alltid velkomen til å vera med på alt som skjer. Sygna er eit minne for livet.