ENGASJERER SEG: Rakeb Erena (17) sit i styret for Natur og Ungdom sitt lokallag i Sogndal.

- Framtida vår i dei vaksne sine hender

Rakeb Erena (17) sit i styret for Natur og Ungdom sitt lokallag i Sogndal.

Publisert 12.03.2019 kl. 20.00.

 Erena meiner ungdomsorganisasjonen er ein viktig arena for ungdomen å ytra kva dei meiner i dei pågåande miljødebattane.


Det er viktig for henne at det ikkje berre er dei vaksne som får bestemma i saker der konsekvensane råkar dei unge si framtid.


Er aktive att

Natur og Ungdom sitt lokallag i Sogndal (NU Sogndal) vart i november i fjor aktive att.


Det var då Rakeb bestemte seg for at dette var noko ho ville vera ein del av.


- Heilt sidan me byrja å vera aktive i november har eg sete i styret som nestleiar og økonomisk sjef.


Med to store oppgåver kan det verke overveldande, men ho forklarar at styret samarbeider godt og at alle, både med og utan spesielle oppgåver, jobbar jamt fordelt.


Det viktigaste for NU Sogndal i byrjinga var å spreia ordet om at dei var aktive og hadde noko å seia.


Den 8. desember tok dei del i det nasjonale kampanjen «Norsk olje kokar kloden».


Kvifor NU?

- Me stod i sentrum og delte ut bananar med forskjellige klimasitat for å gjera sambygdingar oppmerksame på kva som føregår og at me skal gjera noko med det, fortel ho.


Når me spør Rakeb om kvifor ho tykkjer NU er ein organisasjon ungdommen burde vera ein del av har ho fleire svar.


- NU gjev ungdommen ei plattform. Dei er ein stor organisasjon som vert høyrt av politikarane, ein lærer mykje og den gjer det lettare for ungdommen å engasjera seg i klimadebattane.


Det er fleire saker som står Rakeb nær. Mellom anna er busstilboda i Sogn noko ho meiner treng endring.


- Ungdommar i Sogn som bur utanfor sentrum og som skal til treningar og fritidsaktivitetar ser seg nøydd til å verta køyrde av foreldra fordi busstilboda er for dårlege.


Ho tykkjer også at 1,5- graders målet, om å ikkje overskrida 1,5 grader celsius i gjennomsnittstemperatur er noko me burde streva etter.


Vaksne med makt

Det er mykje Rakeb skulle sett vore gjort noko med, men det er avgrensa kva ho kan gjera åleine.


- Det er trass alt dei vaksne og politikarane som sit på makta og alt me kan gjera er å påverke deira val.


Det at den vaksne generasjonen skal bestemma kva som skjer i hennar framtid tykkjer ho verkar skremmande.


- Difor er det viktig at me er aktive og påverkar så mykje som mogleg, og dette kan me gjera ved å engasjera oss.


Skulestreik for klima

Framover har NU Sogndal plana om å markera skulestreik dagen den 22. mars.


- Eg driv og planlegg kva dagen skal gå ut på, og trur det vert bra, fortel ho.


På skulestreik-dagen håpar dei å få med seg så mange som mogleg frå Sogndal Vgs for å streika for klimaet. Dei tenkjer å bruka dagen til å informera og engasjera ungdommen, og kanskje også skaffa fleire medlemmar til NU Sogndal.