PÅ SAFTEN: Denne gjengen har arbeidsplassen sin på Saften i Leikanger. Teknisk sjef Ingvald Husabø og redaktør Jan Inge Fardal til høgre framme.

Jubileum og utfordringar

Det er stas med jubileum. Det er stas med bursdagar og fest. Denne helga er det Sogn Avis sin tur.

Publisert 06.10.2018 kl. 07.45. Oppdatert kl. 10.40.

LEIAR Me rundar 25 år i 2018 og har sett av denne første helga i oktober til å feira oss sjølve. Tidspunktet har litt med røtene - dei sterke røtene våre i denne fruktbygda ved Sognefjorden å gjera. Haust, frukt og aviser har vore med på å forma Systrond opp gjennom generasjonane.


Dagens avis handlar nesten berre om Sogn Avis. Rein sjølvdigging, med andre ord, men gjennom saker og folk me har møtt undervegs - folk me skreiv om for 25 år sidan. Me har sett på saker og snakka med kjelder 25 år etter. Her er mykje spennande, det kan me lova. Når det gjeld andre - og meir ferske nyhende - viser me til nettutgåva vår!


For 25 år sidan gjekk altså denne fylkeshovudstaden frå å ha to til å få «berre» ei lokalavis. Etter mange år som arge og til dels hissige konkurrentar fann S/SA og Sogn og Fjordane saman i det som veldig enkelt og veldig greitt vart til Sogn Avis.

ÅRDALSKONTORET: På lokalkontoret i Årdal har Hanne Stedje, Morten Sortland og Jan Egil Fimreite arbeidsplassen sin.

Mange, spesielt i den yngre garde, vil nok undra seg over korleis det kunne ha seg at det var to lokalaviser i Leikanger fram til 1993. Me skal ikkje gå veldig grundig inn på dette her og no, men Leikanger sin posisjon i Sogn og Fjordane, med både Fylkesmann og etter kvart hovudsete for fylkeskommunen, var med på å skapa grobotn for to avisredaksjonar i same kommunen så lenge.


Fram til 1993 hadde Sogn hatt ei slags dagsavis i tillegg til Sogn Dagblad i Høyanger. Sogn og Fjordane kom ut måndag, onsdag og fredag, medan S/SA kom tysdag, torsdag laurdag. Det var ei utfordring før fusjonen å bestemma kva dagar den nye storavisa skulle koma ut på. Det var for kostbart å laga dagsavis og i starten kom SA alle dagar unnateke søndag og måndag.


Fleire moment, særleg Sogndals posisjon i norsk toppfotball, gjorde at ei måndagsavis raskt «tvinga» seg fram. Ho var eit faktum hausten 1994, sidan har fredag vore papiravisfri dag er i Sogn.


Berre det ordet - papiravis - fortel alt om revolusjonen som har skjedd sidan 1993. Den gongen var det ikkje noko som heitte papiravis. Det var avis! Punktum. Internett var knapt kome til landet og smarttelefonar var framleis år unna. Folk traska rundt med store og tunge mobiltelefonar. Ingen frykta for avisa si framtid!


Kringkastingssjef Einar Førde ordla seg slik då han vart intervjua i den første utgåva: «Avisstrukturen er ein fabelaktig kvalitet ved samfunnet vårt. Truleg har denne betydd meir for busetnad og lokal kultur enn noko anna». Førde snakka då om, nettopp - papiravisa.


Men internettet var kome for å bli, som det heiter. Den store tabben avisbransjen gjorde då den nye digitale opna seg, var å tilby stoff på nettet heilt gratis! Nettet skulle vera ope og fritt for alle, det var likesom heile poenget. Få, om nokon, var framsynte nok til å sjå korleis dette ville utfordra finansieringsmodellen for dei tradisjonelle media.


I etterpåklokskapens lys kan me jo lura på korleis me tenkte, då me tykte at me kunne gje nyhende gratis vekk på nett, medan me skulle ha betalt for dei same nyhenda på papir.


I dag er det svært få gratis nettaviser att. NRK lagar ei gratis nettavis, som til forveksling liknar på det dei sokalla tradisjonelle avisene må ta betalt for. Dette er eit problem for dei avisene som ikkje er lisensfinansierte. Lokalt har me i tillegg ei nettavis i porten.no som er gratis fordi eit kommunalt eigd selskap framleis brukar ein millionsum kvart år på dette. Det blir interessant å sjå kor lenge dei folkevalde i Årdal meiner det er fornuftig å halda seg med ei gratis nettavis.


Etter 25 spennande år står ei avis som vår føre mange utfordringar. Papirplattforma er som alle veit under sterkt press, men ikkje berre fordi lesarane ikkje vil ha papir. Nei, mest fordi Posten ikkje lenger vil gjera det Posten vart oppretta for å gjera, distribuera post rundt om i heile landet. Me vonar at politikarane tek til vit og gir lesarane og avisene betre tid til å takla den overgangen som kjem - uansett.


For sjølvsagt er framtida digital. For ei lita, sjølvstendig avis som vår er den digitale transformasjonen utfordrande. Difor er me i gang med å sjå etter samarbeidspartnarar som me kan utvikla oss saman med. Det er ein spennande prosess som lovar godt.


Men uansett plattform - utan innhald som er relevant, unikt, viktig, spennande og - inn i mellom - underhaldande har ikkje noko avis livets rett. Me gjer kvar dag vårt beste for å vera det som juryen omtalte oss som då me vart kåra til Årets Lokalavis her i landet i 2015 : «Sogn Avis er ei avis alle distrikt og lokalsamfunn treng - og fortener».


Det er fine ord å ta med seg og det er ord som forpliktar, også når me ser inn i ei framtid som er heilt annleis enn den me såg for 25 år sidan. Me er så ubeskjedne å tru at vår eksistens ikkje vil vera mindre viktig om 25 år enn i dag!


Les meir om: Nyhende Leiar

Siste saker Gå til framsida