På fjellovergangane er det måndag morgon snøbyger, her frå fv. 50 Vestredalen. (Foto: Statens vegvesen)

Snøbyger på fjellovergangane

Publisert 11.02.2019 kl. 06.32.

På alle fjellovergangane er det måndag morgon snøbyger, for det meste lette snøbyger, men på fv. 50 Aurland-Hol melder vegtrafikksentralen om stadvis redusert sikt. 


På rv. 52 Hemsedalsfjellet er det snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det -8 grader, frisk bris og lette snøbyger.


På rv. 13 Vikafjellet er  det snø- og isdekke. Klokka 05:45 var det -5 grader, lett bris og snøbyger.


På E16 Filefjell er det snø- og isdekke. Klokka 05:45 var det -6 grader, laber bris og lette snøbyger.


På fv. 50 Hol-Aurland er det snø- og isdekke og stadvis redusert sikt. Klokka 05:50 var det -6 grader, laber bris og snøbyger.


På fv. 53 Tyin-Årdal er det snø- og isdekke. Klokka 05:40 var det -8 grader, frisk bris og snøbyger.


 


 


 


Les meir om: Nyhende Trafikk