SKLEI UT: Snø har ført til glatte vegar nokre stader. Mellom anna på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger. Det fekk denne bosbilen merka. (Foto: Eli Grotle)

Snø, slaps og glatte vegar: - Køyr forsiktig

Snøen har gjort sitt inntog i Sogn.

Publisert 03.12.2019 kl. 08.34.

Snøfallet natt til tysdag og tysdag morgon har ført til utfordrande køyreforhold fleire plassar i regionen.

- Det har kome litt snø og det er stader med underkjølt regn som kan gje utfordrande køyreforhold, men me har ikkje fått mange meldingar om glatte vegbaner i Sogn, seier Lise Kristoffersen på Vegtrafikksentralen.

Ho seier alle entreprenørane er ute på vegane og gjer så godt dei kan.
- Oppfordringa er å køyra forsiktig, seier Kristoffersen.

På fjellovergangane er det snø og vinden er i ferd med å auka.
- Det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel, seier Kristoffersen.


Les meir om: Nyhende Trafikk