Smekkfullt på open dag

Besøkte du Sogn Avis på open dag? Kanskje ser du deg sjølv her.

Publisert 12.10.2018 kl. 15.00. Oppdatert kl. 15.25.

- Det var utruleg kjekt at så mange ville kome innom oss, seier redaktør Jan Inge Fardal.


I samband med 25-årsjubileum for avisa og Fruktbare dagar på Leikanger, inviterte Sogn Avis til ope hus på Saften. Før dørene opna stod det kø av folk som ville inn og sjå korleis me har det.

PÅ BESØK: Det var mange som ville slå av ein prat med redaktør Jan Inge Fardal då Sogn Avis inviterte til open dag. (Begge foto: Renate Sæle)

Konkurranse

To uhøgtidelege konkurransar fekk dei som kom også høve til å bryna seg på. Den eine var å tippa tal bitar i godteriglaset og den andre var fem spørsmål, der svara var å finna på rundturen i Sogn Avis sine lokale.


41 svarte rett på alle fem spørsmåla og me har trekt ut tre vinnarar som kvar får to flaxlodd i posten.


Desse er: Kristin Fredheim, Leikanger, Knut A. Gjengedal, Leikanger og Synnøve Balevik frå Balestrand.

KJEKT: Det var både små og store, unge og eldre innom. Mange var med å svara på spørsmål.

I glaset

I godteriglaset låg det 100 bitar og fire av dei som var med å tippa hadde rett tal.


Einar Gåserud, Leikanger, Amalie Flugheim, Sogndal, Hedda Thorsnes Aakre, Nestun og Maja Rydningen Hamre, Leikanger.


Einar Gåserud får heile godteriglaset, dei andre får tilsendt flaxlodd i posten.


Siste saker Gå til framsida