- NATURLEG: - Gründerfasen er no over, og då er det naturleg at nokon andre tek arbeidet vidare, seier Rolf A. Sandvik. (Arkivfoto)

Sluttar som dagleg leiar i The Fjords

Rolf A. Sandvik har varsla styret i The Fjords om at han vil fråtre si stilling som dagleg leiar i selskapet.

Publisert 11.01.2019 kl. 11.24. Oppdatert kl. 11.26.

Sandvik har leia selskapet i fire år sidan etableringa i januar 2015.


Vidar Hauståker, til dagleg økonomisjef i The Fjords og Flåm AS, vil fungera som mellombels dagleg leiar inntil ny dagleg leiar er tilsett, går det fram av ei pressemelding frå selskapet.


- Krevjande

- Eg vil takka Rolf Sandvik for innsatsen han har gjort i den krevjande etableringsfasen av The Fjords. Med Rolf ved roret har selskapet teke levering av to epokegjerande elektriske sightseeing-fartøy bygde i karbon, Vision of the Fjords og Future of the Fjords, begge prislønte fartøy. Det tredje fartøyet i same serie, Legacy of the Fjords, er under bygging. Selskapet har også fått bygd og teke i bruk nyvinninga «Powerdock», ein flytande terminal med batteribank, lager og lukka avløpssystem, seier Sverre Tysland, styreleiar i The Fjords.


Han opplyser at til saman representerer dette investeringar på nærmare 400 millionar kroner.


Utfordringar

- Eg ønsker Rolf lukke til vidare. Med ein miljøvenleg flåte av nye fartøy og attraktive tilbod på fjordane er selskapet no godt posisjonert i ein turistindustri som veks og som legg vekt på berekraftig løysingar, legg han til.


The Fjords har levert ei sterk utvikling sidan starten i 2015. Dei tre første driftsåra 2015-2017 leverte selskapet eit samla resultat før skatt på 53 millionar kroner av ein samla omsetning på 383 millionar kroner. Men i 2018 har selskapet møtt utfordringar i sal, drift og lønsemd, mellom anna som følgje av priskonkurranse frå tradisjonelle turistfartøy og at etablering i nye farvatn har vist seg meir utfordrande enn føresett, heiter det i pressemeldinga.


- Stolt

Rolf A. Sandvik meiner suksessen til The Fjords ligg i eigaranes forretningsutvikling med selskapet.


- Fjord 1 ASA har med sin maritime tekniske kompetanse bidrege til at selskapet fekk prisen «Ship of The Year» både i 2016 og i 2018 for høvesvis Vision of The Fjords og Future of The Fjords. Flåm AS har sytt for at reiseopplevingar med desse fartsøya er blitt marknadsførte, selde og vel mottekne i den globale, krevjande turistmarknaden. Eg er stolt over å ha fått vera med på å byggja opp The Fjords frå etableringa til det imponerande selskapet det er i dag, med dyktige medarbeidarar, usedvanleg gode tilbakemeldingar frå turistane og det innovative, gode samvirket med leverandørar og andre forretningssamband. Gründerfasen er no over, og då er det naturleg at nokon andre tek arbeidet vidare, seier Rolf A. Sandvik.


Rekrutteringsprosess

Styret i The Fjords vil setja i gang ein rekrutteringsprosess for å finna ein ny dagleg leiar


The Fjords er eigd av Fjord 1 ASA og Flåm AS. The Fjords opererer fartøy på Nærøyfjorden, Geirangerfjorden, Lysefjorden, Hjørundfjorden og Oslofjorden.


Les meir om: Nyhende Aurland Reiseliv