Leikanger Høgre og Sogndal Høgre samlar kreftene i eitt lokallag og inviterer med Balestrand. (Pressefoto)

Slår saman lokallag i Høgre

Sogndal Høgre og Leikanger Høgre har no slått seg saman til eitt lokallag.

Publisert 12.12.2017 kl. 21.18. Oppdatert kl. 21.19.

Kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand skal som kjent slå seg saman til ein kommune frå 2020, og dei to lokallaga i Høgre går no i front på den lokalpolitiske sida. 

Namnet på det samanslåtte lokallaget er Sogndal Høgre, skriv Karin Vikane i ei pressemelding tysdag kveld.

Årsmøtet avslutta også med ein invitasjon til Balestrand Høgre om å bli med dei i det nye Høgre-laget i Sogn.

Det nye styret er:
Leiar: Gunnhild Bøyum (2018-2019)
Nestleiar: Ove Ellingsen (2018)
Kasserar: Jørgen Wahlquist (2018)
Sekretær: Arnt Chr. Munthe (2018-2019)
Kvinnepolitisk: Mona Sviggum (2018)
Unge Høgre: Glenn Erik Flåten (2018-2019)
Senior Høgre: Solfrid Fossberg (2018-2019)
Styremedlem: Aslak Randmo (2018)
Styremedlem: Vilde Tøfte Øvstetun (2018-2019)

Varamedlemer (2018):
Grethe Kristin Lerum
Wilhelm Tangerud
Lars Lefdal

Revisor (2018):
Arne Glenn Flåten