NYTT DIREKTORAT: Frå 2020 skal Difi rapportere til digitaliseringsministar Nikolai Astrup. (Foto: Jan Harry Svendsen)

Slår i saman Difi og Altinn

- Difi og Altinn skal samlast i eit nytt digitaliseringsdirektorat, seier digitaliseringsminister Nikolai Astrup.

Publisert 14.03.2019 kl. 11.15. Oppdatert kl. 11.57.

Regjeringa meiner me kan utnytta kompetansen betre ved å samle den i ein organisasjon og under ei felles leiing.

INN I DFØ: 50 av Difi sine tilsette skal inn i DFØ og rapportere til finansminister Siv Jensen frå 2020. (foto: arkiv)

Best på digitalisering

- Min ambisjon er at Noreg skal vera verdsleiande innan digitalisering av offentlege tenester.


Målet er at digitalisering skal bidra til betre og meir tilgjengeleg offentlege tenester, forenklingar og auka verdiskaping for næringslivet og ein enklare kvardag for folk flest.


- For oppnå dette har regjeringa bestemt at våre spydspissar i digitaliseringsarbeidet - Difi og Altinn - skal samlast i eit nytt digitaliseringsdirektorat, seier digitaliseringsminister Nikolai Astrup i ei pressemelding.


Kontora blir

- Me har gjennom mange år bygd opp ein fantastisk digital kompetanse i Difi sine avdelingar i Leikanger og Oslo og i Altinn-organisasjonen i Brønnøysund og Oslo.


Etableringa av eit digitaliseringsdirektorat vil ikkje innebæra geografisk flytting av kontorstader.


- Miljøa i Leikanger, Brønnøysund og Oslo skal me bevara og vidareutvikla, og det er difor ikkje aktuelt å gjere endringar i den geografiske kontorstrukturen, seier Astrup.


- Ny kraft

Omorganiseringa inneber at Altinn-organisasjonen vert skild ut frå Brønnøysundregisterera og vert slått i saman med Difi - med unntak av Difi sine avdelingar for leiing og utgreiing og analyse, som vert overført til Direktoratet for økonomistyring - DFØ.


Om lag 50 tilsette i Difi vil inngå i DFØ.


- Regjeringa er oppteken av att den offentlege forvaltninga skal vere så effektiv som mogleg. Me har store forventningar til offentlege verksemder si evne til å levera endå betre resultat. Med denne samordninga vil statens arbeid med å fremja god leiing, organisering og økonomistyring i forvaltninga få ny kraft, seier finansminister Siv Jensen.


Råkar tilsette

- Flytting av ansvar og oppgåver vil råka ein del tilsette. Me er opptekne av att me skal vareta menneska som vert råka av endringane, og me skal ha gode prosessar og følgja spelereglane i arbeidslivet, seier Astrup.


Dei omorganiserte direktorata skal vera i drift 1. januar 2020.


Digitaliseringsdirektoratet skal rapportera til digitaliseringsministeren, Nikolai Astrup.


Les meir om: Nyhende Leikanger Politikk