MØTE: Den lokale omstillingsgruppa hadde møte på Statens hus i Leikanger 28. februar. Frå venstre: Erna Tystad, Thorvald Røneid Moen, Ove Midtbø, Trond Rolland, Jorunn Felde, Gunnar O. Hæreid, Rune Fjeld, Frode Barstad, Tove Briseid Tjugum, Marianne Svege og Tone Britt Steinsland. Kari Trepstad Utvær var ikkje til stades. (Foto: Maria Nesse Haugen/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

Slik vert Fylkesmannen organisert etter samanslåinga

Strukturen for det nye fylkesmannsembetet er klart.

Publisert 01.03.2018 kl. 12.44.

Fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane skal slåast saman frå 1. januar 2019. Onsdag møttest omstillingsgruppa på Statens hus i Leikanger for å forhandla framlegg om avdelingsnamn og drøfta lokalisering av leiarfunksjonar.


- Gjort ein god jobb

Organisasjonskartet er utarbeidd med eit mål om ei balansert fordeling av avdelingar og oppgåver mellom Sogn og Fjordane og Hordaland, går det fram av ei pressemelding frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. 


Fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Hordaland, Anne Karin Hamre og Lars Sponheim, er nøgde med jobben som har blitt gjort opp mot samanslåinga.


? Me synest den lokale omstillingsgruppa har gjort ein god jobb med å drøfta og forhandla seg fram til ein struktur og fordeling av leiarfunksjonar for det nye fylkesmannsembetet. Neste steg vert å få på plass leiarar for dei nye avdelingane og seksjonane, og å byggja ein organisasjon som skal tena innbyggjarar, kommunar og næringsliv i Hordaland og Sogn og Fjordane frå 1.1.2019, seier dei i ein felles uttale.


Overordna føresetnadar for strukturen er mellom anna hovudsete i Leikanger og kontorstadar i Bergen og Førde. Det er teke omsyn til at nokre funksjonar har ein naturleg plassering nær embetsleiinga eller nær eit småkommuneperspektiv, medan andre har tyngde i eller nær Bergen. Nokre funksjonar kan òg plasserast ut frå faglege fortrinn, slik som særskilt kompetanse eller saksmengd, heiter det i pressemeldinga.


Slik blir fordelinga

Det nye fylkesmannsembetet vil bestå av leiing, stab og seks fagavdelingar. Avdelingane vil ha namna: organisasjon og strategi, kommunal, helse, sosial og barnevern, landbruk, miljø og utdanning og verjemål. Alle avdelingane utanom landbruk vil ha fleire seksjonar.


Det er framleis ikkje avklart kva konsekvensar etableringa av Fylkesmennenes fellesadministrasjon (FMFA) vil ha for organisasjon og strategi, og difor vil seksjonsfordelinga her forhandlast på eit seinare tidspunkt, vert det opplyst.


Fordeling av avdelingar og seksjonar vil sjå slik ut:


Organisasjon og strategi (leiarfunksjonen vert lagt til Leikanger)


- Seksjonsfordelinga skal forhandlast seinare.


Kommunal (leiarfunksjonen vert lagt til Leikanger)


- Kommuneforvaltning og -samordning (seksjonsleiar Leikanger)


- Plan (seksjonsleiar Bergen)


- Beredskap (seksjonsleiar Leikanger)


Helse, sosial og barnevern (leiarfunksjonen vert lagt til Bergen)


- Sosial og barnevern (seksjonsleiar Bergen)


- Kommunehelse og -omsorg (seksjonsleiar Leikanger)


- Spesialisthelse (seksjonsleiar Bergen)


Landbruk (leiarfunksjonen vert lagt til Førde)


- Ingen seksjonar


Utdanning og verjemål (leiarfunksjonen vert lagt til Bergen)


- Utdanning 1, førebels namn (seksjonsleiar Leikanger)


- Utdanning 2, førebels namn (seksjonsleiar Bergen)


- Verjemål (seksjonsleiar Bergen)


Miljø (leiarfunksjonen vert lagt til Bergen)


- Naturmangfald (seksjonsleiar Leikanger)


- Forureining (seksjonsleiar Bergen)


Ingen mister tilsetjinga

I pressemeldinga vert det presisert at ein seksjon kan ha tilsette i begge fylka, sjølv om leiarfunksjonen er lagt til eitt av dei.


Ingen tilsette vil miste tilsetjinga som følgje av samanslåinga, men for leiarar kan det bli endringar i arbeidsstad og for alle kan det kan bli endringar i arbeidsoppgåver, heiter det i pressemeldinga.


Den lokale omstillingsgruppa er ansvarleg for gjennomføringa av omstillinga, og består av tilsette frå begge embeta. I løpet av 2017 har dei arbeidd med å leggja til rette for og sikra framdrift i den omfattande prosessen. Gruppa vil halda fram med sine oppgåver til det nye embetet er operativt frå 1. januar neste år, vert det opplyst.


Gunnar O. Hæreid, assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane, er leiar for den lokale omstillingsgruppa.


- Eg er imponert over den gode og konstruktive tonen i diskusjonane i den lokale omstillingsgruppa, sjølv om det er vanskelege tema som er oppe. No har me fått eit kompromiss som eg trur dei fleste tilsette kan leva med, sjølv om nokon kan vera mindre nøgde enn andre. Fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Hordaland, seier han.


Les meir om: Nyhende Leikanger