(Illustrasjonsfoto)

Slik var natta for politiet i fylket

Rykte ut etter melding om brann, rusa person og ordensforstyrring.

Publisert 17.03.2019 kl. 08.24.

Hyllestad:
Klokka 02.05 natt til søndag fekk politiet melding om brann i ein kjeledress på Havyard i Leirvik.

- Det var ein kjeldress som hengde i ein garderobe som hadde teke fyr. Brannvernet fekk sløkt brannen, men den var ein betydeleg varmeutvikling. Politiet opprettar sak og vil etterforska vidare for å finna årsaka, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Sogndal:
Klokka 02.13 natt til søndag rykte politiet ut etter melding om ein rusa mann i ei rundkøyring i sentrum av Sogndal.
- Meldinga gjekk ut på at mannen var rusa og skulle vera litt blodig. Politipatruljen rykte ut, og det viste seg at det berre var snakk om nokre skrubbsår. Forholdet vert ikkje følgt opp, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Vågsøy
Natt til søndag fekk politiet melding om ordensforstyrring i Måløy.
- Det var ein krangel mellom to personar. Ein av dei fekk pålegg om å forlata staden, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen.


Les meir om: Nyhende Politi