INVITERER GJESTAR: Jarle Aarvoll bli siste ordførar i noverande Sogndal kommune. 12. desember inviterer han til fest for å markera slutten som eigen kommune etter vel 180 år. (Arkivfoto)

Slik skal Sogndal markera slutten som eigen kommune

Ordførar Jarle Aarvoll inviterer til avslutningsfest for Sogndal kommune.

Publisert 20.11.2019 kl. 17.00.

- Gamle Sogndal kommune er historie frå 1. januar 2020. I den samanheng ønskjer me å markera avslutninga på vel 180 år som eigen kommune. Eg har med dette gleda av å invitera dykk til denne markeringa, skriv Aarvoll i brevet.


- Tradisjon tru har kommunestyret juleavslutning med julemiddag etter siste kommunestyremøte 12. desember. I samband med denne markering inviterer me tidlegare ordførarar, rådmenn, formannskapssekretær, leiar i Eldrerådet og Rådet for personar med nedsett funksjonsevne og representantar frå Ungdomsrådet til denne festlege samkoma på Sogndal hotel.


Bygdafestar

Kommunane Sogndal skal slå seg saman med skal også markera slutten.


Førstkomande helg blir den store Leikangerfesten arrangert, med mellom anna konsertar, quiz og julemarknad.


Det blir todagarsfeiring når Balestrand skal markera slutten på 170 år som eigen kommune. På programmet står ungdomskonsert, festmiddag, dans og føredrag. 12. desember blir det bygdafest på Kviknes hotel.


Les meir om: Nyhende Sogndal