Slagsmål ved Solhov

Politiet rykte ut i 01.00-tida natt til søndag.

Publisert 10.02.2019 kl. 08.57.

Vest politidistrikt melder på Twitter at ein patrulje vart sendt til Solhov ungdomshus etter ordensforstyrring.


To personar slost og ein person blødde litt frå nase og munn etter slagsmålet, men det vert ikkje meldt om alvorleg skade.


Ingen vart pågripne, men politiet gav begge personane pålegg om å halda seg vekke frå staden.


Les meir om: Nyhende Notis Politi Sogndal