Illustrasjonsfoto

Slagsmål i Sogndal - fleire sprang då politiet kom

Slik var natta for politiet.

Publisert 08.09.2019 kl. 08.59.

Klokka 00.11 natt til søndag fekk politiet melding om slagsmål utanfor Lægreid hotell i Sogndal.


- Det var ein fem-seks personar som var i tottane på kvarandre. Det var litt hissig stemning. Ein person skal ha fått ei rift i panna, men det var ikkje behov for legetilsyn, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt. Han fortel at nokre av dei involverte sprang frå staden då politiet kom og at et blir oppretta sak.


Påkøyrd sau

Laurdag kveld klokka 19.00 køyrde ein person forbi ein sau som låg i vegkanten like ved Vadheim.


- Det viste seg at det var liv i sauen og viltnemnda i Høyanger vart varsla. Truleg er sauen påkøyrd, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.


Branntilløp

Klokka 22.15 laurdag kveld fekk politiet melding om branntilløp i eit hus i Hallbrendslia i Førde.


-  Det viste seg at årsaka var tørrkoking. Brannvernet rykte ut, men den som budde der hadde klart å sløkkja branntilløpet sjølv. Politiet var også på staden og det vert oppretta sak, seier Kolltveit.


Nekta å forlata staden

Politiet rykte også ut til Sunnfjord hotell i Førde.


-  Det oppstod krangel, og to utanlandske personar nekta å forlata staden. Då politiet kom hadde personane reist, opplyser Kolltveit.


Kontroll

Laurdag kveld hadde politiet kontroll på riksveg 5 ved Brandsøy i Flora. 62 køyretøy vart kontrollerte, det var ingen utslag på promille.


Les meir om: Nyhende Politi