BETRE BEREDSKAP: Spesialskuterar skal (Foto: Luster Sogn skredgruppe)

Skredgruppa får 500.000 kroner til spesialskuterar

- Dette er ei flott gåve til vinterberedskapen i Indre Sogn, seier Per Odd Grevsnes.

Publisert 11.12.2018 kl. 15.53. Oppdatert kl. 16.52.

Han er leiar i Luster Sogn skredgruppe. 


Det er Gjensidigestiftigna som gir over ein halv million kroner til skredgruppa og pengane skal gå til å kjøpa to spesialskuterar som taklar bratte bakkar og laussnø. 


Rekruttera fleire

I tillegg har skredgruppa fått pengar til å kunne kjøpa inn 25 hovudlykter som kan nyttast til aksjonar i mørket, melder skredgruppa i ei pressemelding. 


Spesialskuterane vil stå på ein tilhengar slik at dei skal vera raske å ta med seg når alarmen går. 


- Me har allereie flinke skuterførarar i skredgruppa, men me kjem til å rekruttera nokre fleire i samband med at me no har fått dette utstyret, seier Grevsnes. 


 


40 personar

Røde Kors Luster Sogn skredgruppe tel no snart 40 personar. 15 av desse har fagleiarskredkompetanse. 


- Vidare har me med oss ni tindevegleiarar, fire flinke skuterførarr og resten har alle høg kompetanse på ulike felt innanfor Røde Kors/snøskredfaget. Me er ei spesialgruppe som skal støtta dei lokale hjelpekorpsa når skredalarmen går, seier Grevsnes


Jobba førebyggjande

Skredgruppa har sidan etableringa i 2015 vore med på fleire skarpe oppdrag, men eit like viktig samfunnsoppdrag er det å jobba førebyggjande. 


- Difor er me mellom anna med på å arrangera den årlege skredkvelden i Sogndal. me er og med lokalt hjelpekorps på øvingar og internkursing, seier Grevsnes.