GLER SEG: Kari-Louise Morgan og Ingeborg Røysum Langteig gler seg til å vera redaksjonsleiarar under UKM i Måløy siste helga i mars.

Skal vera redaksjons-leiarar for UKM: - Kjekt og litt skummelt

UKM vert i år i arrangert i Måløy, men jentene som er redaksjonsleiarar for fylkesmønstringa er båe frå Sogn.

Publisert 16.03.2019 kl. 19.26. Oppdatert kl. 19.30.

Kari-Louise Morgan (17) frå Aurland og Ingeborg Røysum Langeteig (17) frå Leikanger går i 2. klasse på medielinja ved Sogndal vidaregåande skule. Dei har tatt på seg ansvaret som redaksjonsleiarar og er spente, men klare for UKM den 29.-31. mars.


Produsentar

Kvart år har UKM ei fylkesmønstring der utvalde deltakarar frå kvar av dei lokale mønstringane opptrer eller stiller ut kunst for å blir velt vidare til den nasjonale mønstringa.


På UKM ønskjer dei å ta vare på alle desse augneblikka, og det er der medielinja frå Sogndal kjem inn. Dei kjem kvart år for å dokumentera mønstringa med bilete, filming og streaming medan deltakarane opptrer.


Heile klassen

Heile klassen er med på dette arbeidet og dei får med seg gode erfaringar. Ein viktig del av jobben er å ha nokon som har eit overordna ansvar. Noko som kan passa på at alt vert gjort som det skal og at alle veit kva og når dei skal gjera ting.


- Det var eigentleg læraren vår som spurde om me kunne tenkja oss å ta på oss oppgåva, forklarer Kari-Louise.


Oppgåva som redaksjonsleiar er krevjande, men jentene var klare for oppdraget.


- Gjennom arbeidet får ein mange kjekke erfaringar, seier Ingeborg.


Dei to Media-elevane fekk reisa til Oslo på kurs for å læra meir om kva jobben inneber og korleis ein skal vera ein god leiar.


- Det er kjempegreitt å ha hatt eit slik kurs. Eg trur det kjem godt med seinare i livet, legg Kari-Louise til.


Mykje jobb

Fram mot UKM er det promotering som er deira hovudoppgåve. Dei har ansvar for å halda nettsida til UKM Sogn og Fjordane aktiv og oppdatert.


- Det er greitt, men eg reknar med det vert meir stressande under sjølve helga, seier Ingeborg.


Kari-Louise har vore med som deltakar fleire gonger, men dette er første gong ho prøver seg som ein del av teamet. Ingeborg har aldri vore med på verken UKM eller noko liknande arbeidsoppgåver tidlegare.


- Eg veit omtrent kva eg skal forventa av helga, men det gjer vel ikkje Ingeborg som ikkje har vore på fylkesmønstring tidlegare.


Ingeborg innrømmer at det kan verta litt stressande og skummelt, men mest kjekt.


Kvifor er UKM viktig?

Når me spør jentene kvifor dei tykkjer UKM er viktig for ungdommen er det eit ord som står sentralt, fellesskap.


- Det å kunne dela felles interesser og visa fram det ein kan er båe bra for ein sjølv og dei andre.


Kari-Louise legg til at det å sjå alle dei forskjellige talenta er inspirerande. Dei er båe einige om at UKM er ein arena der ungdommen kan vera seg sjølve og alle kan vera med.


- Det kjekkaste med UKM trur eg må vera at det er noko som ikkje er likt alt anna, meiner Kari-Louise.


Innslaga er varierte og mykje meir enn berre ein konsert konkluderer dei to Redaksjonsleiarane med.


Les meir om: Nyhende Ung Saueflokken