Skal skifta ut lys og naudutstyr i tunnel på fv. 55

No skal den 1.700 meter lange Vadheimstunnelen i Høyanger rehabiliterast

Publisert 08.11.2018 kl. 11.51.

Dette er den sjette fylkesvegtunnelen i Sogn og Fjordane som får full make-up, skriv nettstaden Veier24.no.


Entreprisen på rehabiliteringa av Vadheimstunnelen på fv. 55 er lyst ut, og Statens vegvesen har sett frist for tilbod på oppdraget til 13. desember.


Prosjektleiar for rehabiliteringa av fleire av tunnelane i fylket, Svein Rune Vie, seier til veier24 at dette er ein relativt stor jobb, samanlikna med mange av dei mindre tunnelane som for tida også gjennomgår den EU-pålagde oppgraderinga.


Lys

- Den 1.700 meter lange tunnelen skal rehabiliterast i samsvar med dagens regelverk, som betyr at alt av elektronikk, lys og naudutstyr skal skiftast ut.


Siste saker Gå til framsida