Skal heita Fylkesmannen i Vestland

Publisert 09.09.2018 kl. 11.41.

 1. januar 2019 får Noreg ein ny fylkesmannsstruktur. Då vil embeta ta i bruk namnet til fylka som vert oppretta 1. januar 2020. Kongen i statsråd vedtok fredag namna.


Det samanslegne fylkesmannsembetet i Hordaland og Sogn og Fjordane får namnet Fylkesmannen i Vestland.


- Ei permanent namneendring for fylkesmannen fra 1. januar 2019 inneber ei forenkling og vil vera kostnadsinnsparande, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.


Les meir om: Nyhende Notis Politikk

Siste saker Gå til framsida