GÅR UT: Desse setlane vert no tekne ut av sirkulasjon. (Foto: Norges Bank)

Siste sjansen til å betala med desse setlane

18. oktober går dei gamle 50- og 500-kronesetlane ut.

Publisert 18.10.2019 kl. 11.35.

Eitt år etter lanseringa av dei nye 50- og 500-kronesetlane, vert dei gamle tekne ut av sirkulasjon.


Etter 18. oktober kan setlande vekslast gebyrfritt hjå Norges Bank i minst ti år framover, går det fram av nettsida til Norges Bank.


- Det enklaste vil vera å bruka gamle 50- og 500-kronerssetlar eller setja dei i banken seinast 18. oktober, seier Leif Veggum, direktør for kontante betalingsmidlar i Norges Bank.


I månadsskiftet september/oktober var det 8,1 millionar gamle 500-kronesetlar og 12,4 millioner gamle 50-kronesetlar i omløp, tilsvarande 4,6 milliardar kroner.


Les meir om: Nyhende Økonomi