ÅRETS BUTIKK: Silvija Apeinane, butikksjef i Coop Marked Skjolden, fekk overrekt prisen Årets butikk. (Foto: Kilian Munch)

Silvija er sjef for årets butikk: - Det er verkeleg ein lagsiger

Coop Marked Skjolden fekk den gjevaste prisen.

Publisert 12.09.2019 kl. 14.22.

Denne veka var butikksjefar frå alle landets Coop Marked- og Matkroken-butikkar samla for fagleg påfyll og for å heidra dei beste butikkane i kjedene.


- Veldig stolt

Det var ein svært glad butikksjef frå Skjolden som tok imot den prestisjetunge prisen for Årets Butikk 2018.


- Dette følest heilt fantastisk. Det er så mange dyktige butikksjefar i salen, og eg er veldig stolt over at me har fått denne utmerkinga, seier Silvija Apeinane, butikksjef i Coop Marked Skjolden.


Prisen for Årets Butikk vert tildelt den Coop Marked-butikken med best nøkkeltal for 2018. Kriteria butikkane vert vurderte på er mellom anna omsetningsutvikling og kor nøgde kundane er, og Coop Marked Skjolden scorar godt over kjedesnittet på disse nøkkeltala, går det fram av ei pressemelding frå Coop. Årets butikk vert delt ut i to kategoriar, ein for butikkar med under 12 millionar kroner i omsetning og ein for butikker med over 12 millionar kroner i omsetning. Coop Marked Skjolden vann førstnemnde kategori.


- Lagsiger

- Eg starta i jobben som butikksjef i februar 2010, og siden den gongen har me jobba for å løfta butikken til nye høgder. I 2016 fekk me oppgradert butikken, og eg synest verkeleg at me har verdas finaste butikk på verdas finaste plass. Det ligg mykje jobb bak for å levera kvalitet til kundane våre kvar einaste dag, men alt er verdt det når me får ein slik pris. På Coop Marked Skjolden spelar me på lag med kundane våre, og eg håper at også kundane synest det er stas at me er blitt kåra til årets butikk, seier Apeinane.


Butikksjefen gler seg til å ta med prisen heim til kollegaene sine.


- Denne prisen hadde ikkje vore mogeleg å vinna utan innsatsen frå alle dei tilsette. Det er verkeleg ein lagsiger, seier Apeinane.


Les meir om: Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida