Sikta for 16 innbrot

NRK Sogn og Fjordane melder at ein mann i 20-åra blir framstilt for varetektsfengsling torsdag.

Publisert 13.03.2019 kl. 14.15. Oppdatert kl. 14.27.

Mannen er sikta for 16 innbrot på Vestlandet den siste tida. 


Etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal opplyser til NRK Sogn og Fjordane at mannen er sikta for grovt tjuveri frå bustad, både i Sogn og Fjordane og Hordaland.


Ho vil ikkje opplysa kvar mannen vart pågripen. 


Tidlegare har politiet sikta to rumenarar for fleire innbrot. Desse vart seinare sleppte fri. Ifølgje Vårdal er ikkje mannen som no er sikta, ein av desse.


 


 


 


 


Les meir om: Nyhende Politi