Sigurd trur robotar er framtida

Sigurd Beheim (15) frå Hafslo fekk testa seg i draumejobben. Sjå video.

Publisert 09.02.2017 kl. 07.00. Oppdatert kl. 08.25.

I førre veka bytta 10.-klassingane ved Hafslo ungdomsskule ut norsk og matte med tre dagar i arbeidslivet. 15 år gamle Sigurd Beheim var ikkje i tvil om kvar han ville jobba.


- Rocketfarm! Det er fordi eg tykkjer det er spennande med robotar. Det er sjølve ideen om å programmera noko, og få den til å gjera ting for deg, som eg tykkjer er interessant.


Artige oppgåver

Og det var nettopp det han gjorde desse dagane då verksemda som høyrer til på Campus for første gang tok imot elev på jobbskygging. Nokre av prosjekta han fekk vera med på var programmering av robotar, forbetring av programvare og planlegging av automatisering i industrien for 2017. Ei av oppgåve, var å programmera ein robot til å fylla kaffi opp i ein kopp.


- Det var kult. Først måtte eg teikna og laga ei klo ved hjelp av ein 3D-printer. Deretter måtte eg programmera roboten til å fylla på med kaffipulver og vatn.


Har kjøpt tre

15-åringen har alltid vore fascinert av robotar og trur det berre vil bli meir og meir i tida framover.


- Men trur du robotane bidreg til eit mindre behov for menneskeleg arbeidskraft?


- Eg veit ikkje heilt, men dei kan gjera ein jobb som ikkje slit ut dei tilsette.


Han veit nemleg kva han pratar om. Mamma hans jobbar på Nortura i Sogndal. Dei har allereie gått til innkjøp av tre robotar frå Rocketfarm.


Engasjert elev

- Det er ei fiffig løysing, seier Lars Martin Gjeraker i Rocketfarm, og forklarar at robotane som Nortura har kjøpt, blir smartstyrt av eit kamera og blir brukt til palletering, stabling og plassering.


Gjeraker seier dei er imponert over det Beheim har fått til i løpet av dei tre dagane han var med på arbeidsskygging.


- Me har gjeve han utfordrande oppgåver, som han har løyst på ein framifrå måte. Det er håp for framtida, smiler Gjeraker og legg til:


- Han har løyst oppgåver som er "høgskulepensum". Me trur han er så dyktig fordi han verkeleg er interessert i dette. Dessutan høyrer han til Ipad-generasjonen, og det hjelper på.


Gav meirsmak

Sjølv seier Beheim at det har vore tre kjekke dagar i Sogndal, der han har fått førstehands opplæring med mellom anna Lars Bårdgard Åstveit, sivilingeniør med utdanning frå NTNU.


- Det er greie folk å jobba med og det har vore veldig interessant. Det er dette eg har lyst til å jobba med når eg sjølv skal ut i arbeidslivet, seier Beheim.


Først må han då studera automasjon eller kybernetikk, og kanskje ventar det ein jobb på Campus når han er ferdig om nokre år.


- Når Sigurd er ferdig med utdanninga, er Rocketfarm leiande i Norge i sin bransje, så det er klart han vil koma til oss, smiler Gjeraker.