KAMPANJE: - Forsking visar at kampanjar har effekt når me gjer kontroll og informasjon i kombinasjon, seier kampanjeansvarleg Trine Villanger. (Foto: Statens vegvesen)

Ser at beltebruken går ned - no skal bussar på heile Vestlandet kontrollerast

190 kontrollørar er klare til å sjekka beltebruken i bussane på Vestlandet.

Publisert 07.03.2019 kl. 19.25. Oppdatert kl. 19.53.

Frå måndag 11. mars og gjennom heile veka skal nærare 190 kontrollørar frå Statens vegvesen sjekka korleis det står til med beltebruken i bussane som køyrer på Vestlandet, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

- Det er i bussar der det er eit påbod om å bruke belte me kjem til å kontrollera, seier Trine Villanger som er kampanjeansvarleg i Region vest.


Ungdom droppar belte

I spørjeundersøkinga gjort hausten 2018 kjem det fram at 7 av 10 brukar belte i stor grad. Det vil seia 73 prosent mot 74 prosent året før. Tal for våren 2018 viser at heile 90 prosent blant dei over 60 år bruker belte i stor grad, mens for dei mellom 15-29 år er talet berre 56 prosent. Undersøkinga viser og at ungdom tar oftare buss der det er belte montert.

- Diverre ser me at beltebruken går ned, og dei eldre er framleis flinkare enn ungdommar til å festa beltet i bussen. Årsakene kan vera mange, men vårt mål er at alle som har moglegheit skal festa beltet kvar gong. Me veit at setebeltet reddar liv like mykje i buss som i bil. I bussen kan konsekvensane bli enormt store dersom det skjer ei ulukke og passasjerane sit usikra, seier Villanger.


Godt kjent

Påbodet om å bruka belte i buss er etterkvart blitt godt kjent. Heile 90 prosent veit at dei må bruka belte der det er montert. 

- Ikkje alle bussar har belte, men bruk det kvar gong du kan - det er rett og slett for enkelt til å la vera, seier ho.

Villanger seier at i tillegg til alle kontrollane dei skal gjera, vil dei også vera til stades på bussterminalar i Bergen og Stavanger.

- Forsking visar at kampanjar har effekt når me gjer kontroll og informasjon i kombinasjon. Difor er det like viktig å treffa folk som brukar buss, og gjera dei medviten om kvifor det er så viktig å bruka belte også i buss, seier Villanger.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Trafikk