Semje i løns-forhandlingar

Publisert 21.06.2019 kl. 07.06. Oppdatert kl. 07.11.

Partene i lønsforhandlingane innan helse, utdanning og kultur vart torsdag kveld samde i årets mellomoppgjer. Resultatet er innenfor den generelle rama for lønsoppgjera i samfunnet i år, går det fram av ei pressemelding frå Virke.


- Det har vore ein god tone gjennom forhandlingane, og partane har kome fram til løysingar i fellesskap, seier Ann Torunn Tallaksen, som har leia forhandlingane for Virke.


I mellomoppgjeret vert det berre forhandla om løn. Virke har i tariffoppgjeret forhandla parallelt med 35 arbeidstakarorganisasjonar om sju tariffavtalar som omfattar om lag 600 verksemder og 25.000 arbeidstakarar innan helse, utdanning og kultur.


Forhandlingsleiarane var Wenche Sartori Eide (Akademikerne), Hilde Løkholm (LO), Ann Torunn Tallaksen (Virke), Christine Ugelstad Svendsen (YS) og Kari Tangen (Unio).


Oppgjeret med forbund i LO og YS for Landsoverenskomst for spesialisthelsetjenesten er utsett grunna streik i helseføretaka i Spekter, går det fram av pressemeldinga.


Les meir om: Nyhende Notis Økonomi