Seks millionar forsvinn til Høyanger

Publisert 26.06.2019 kl. 11.25.

Dagens Balestrand kommune ville tapt 6,1 millionar kroner i innbyggjartilskot som følgje av at rundt 100 innbyggjarar på Nessane skal flyttast til Høyanger kommune. Dette er klart etter forhandlingar mellom dei to kommunane.


Grensejusteringa i vest vil også påverka inntekter frå eigedomsskatt, konsesjonskraft og heimfallsrettar. Det ser ut til at dette vil føra til at ca. 1,7 millionar kroner forsvinn ut av nye Sogndal kommune til Høyanger.