Seks av ti har slumra bak rattet

Publisert 10.07.2019 kl. 19.06.
Sommaren er høgsesong for trafikkulukker, og trøtte sjåførar er årsaken til mange ulukker.
 
Ei ny undersøking utført av Respons Analyse for Circle K viser at 6 av 10 bilistar frå Sogn og Fjordane har vore nær ved å sovna når dei køyrer bil, medan 1 av 10 faktisk har sovna bak rattet.
 
- Ver klar over at 17 timar utan søvn tilsvarar same risiko som å køyra med alkoholpromille på 0,5. Trøtte sjåførar som køyrer aktlaust kan straffast med opptil eitt års ubetinga fengsel, opplyser UP-sjef Runar Karlsen i ei pressemelding.
 

Les meir om: Nyhende Notis Politi Trafikk