HALLAR: Bakgrunnen for den høge auken i søknadssum er etablering av fleirbrukshallar, symjehallar, fotballhallar og turnhallar fleire stadar i fylket. (Illustrasjonsfoto)

Satsing på idrettshallar gjev søknadsrekord

Fylkeskommunen har i år godkjent spelemiddelsøknadar om til saman 364 millionar, noko som betyr ny rekord for fylket. Det har vore nærast ei dobling i søknadssum dei tre siste åra.

Publisert 21.03.2019 kl. 13.42.

Det er eit stort engasjement blant innbyggjarane i fylket for å både etablera og rehabilitera anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Kommunar og frivillige lag og organisasjonar legg ned ein betydeleg innsats både i planlegginga og i etableringa av anlegg, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.


Ser resultat

- Fylkeskommunen har jobba målretta for å auka engasjementet og kompetansen knytt til spelemidlane og idrettsanlegg blant innbyggjarane i Sogn og Fjordane dei siste åra. Det er gledeleg å sjå at dette nyttar, seier rådgjevar for fysisk aktivitet, Atle Skrede.

I 2016 vart det godkjent søknadar om 189 millionar kroner.


Hallsatsing

Bakgrunnen for den store auken i søknadssum er etablering av fleirbrukshallar, symjehallar, fotballhallar og turnhallar fleire stadar i fylket. Fleire av hallane har i tillegg fått status som interkommunale anlegg, noko som gjev 30 prosent meir i tilskot, vert det opplyst i pressmeldinga.

Det er ei stor satsing på anlegg for friluftsliv, spesielt turvegar og dagsturhyttene. Blant kommunane er det Førde som har den høgaste godkjende søknadssummen med 51,7 millionar.


Tildeling i juni

Med årets auke i søknadssum kan ventetida for tildeling av spelemidlar auka. Per i dag er ventetida i gjennomsnitt 3,8 år. Søknadssum, anleggsdekning og innbyggartal er kriterium som vert lagt til grunn i fordelinga frå Kulturdepartementet.

Det er departementet som seinare i vår avgjer kor mykje pengar Sogn og Fjordane får. Hovudutval for næring og kultur fordeler så Sogn og Fjordane-summen 18. juni.