SAMARBEID: Senterpartia i dei nye storkommunane vil samarbeida framover. F.v. ordførarkandidat Sogndal Sp Arnstein Menes, prorektor Bjørg Kristin Selvik, Høgskulen på Vestlandet, Marlèn Røysum, Bente Sønsthagen og Karen Marie Hjelmeseter frå Sogndal Sp og Ole Johnny Stubhaug, Reidun Støfring og Oddmund Klakegg frå Sunnfjord Sp. (Foto: Kristin Rundsveen)

Satsar saman for å verta gode vertskommunar

Senterpartia i dei nye storkommunane Sogndal og Sunnfjord har bestemt seg for å samarbeida tett.

Publisert 31.01.2019 kl. 14.00.

Ein kjem lenger med godt samarbeid. Slik heiter det i ei pressemelding frå nye Sogndal senterparti og Sunnfjord senterparti.


Torsdag hadde dei felles møte med Høgskulen på Vestlandet (HVL) og prorektor Bjørg Kristin Selvik.


Vertskommunar

På møtet blei det mellom anna diskutert korleis kommunane skal vera gode vertskommunar for Høgskulen på Vestlandet og andre kompetansemiljø.


- Samspelet med omgjevnadane, næringsliv og det offentlege er spesielt viktig, seier prorektoren som har eit særskild ansvar for Sogn og Fjordane. Dette vert gjenspegla i HVL sin strategi om samspel, berekraft og nyskaping.


Førde og Sogndal har store studentmiljø med til saman 3700 studentar, og høgskulen er både eit viktig kompetansemiljø og ein stor arbeidsplass. Senterpartiet meiner at Høgskulen er ein skapande faktor for distriktet, og har som ambisjon om å utvikla ny kunnskap i tett samspel med omverda.


Fornybar energi

Ordførar i Jølster og 2.-kandidat i Sunnfjord Sp, Oddmund Klakegg, trekkjer fram den reine fornybare energien i området.


- Vi er flinke på produksjon, men når det kjem til forsking og utvikling skjer det lite her i fylket. Her har vi eit potensial.


Fokuset på utflytting av statlege arbeidsplassar tek Senterpartiet i Sunnfjord og Sogndal vel imot. Dei skriv at det er særs viktig å skapa nye jobbmoglegheiter som syter for auka busetjing i distrikta.


Attraktive

- Me ynskjer å samarbeida, og at Sogn og Fjordane skal stå samla om å vidareutvikla dei offentlege arbeidsplassane vi har i fylket. Me vil også vera attraktive stadar for nye statlege arbeidsplassar, seier ordførarkandidaten til Senterpartiet i nye Sogndal, Arnstein Menes.


Senterpartia i dei to nye storkommunane er samde om at dei ynskjer god dialog, og at ein kjem lengre med godt samarbeid.


Siste saker Gå til framsida