ORDFØRARKANDIDAT: Geir Arve Sandvik toppar Høgre-lista i Luster. (Arkivfoto)

Sandvik er ordførarkandidat

Geir Arve Sandvik (52) er Høgre sin ordførarkandidat framfor valet neste år.

Publisert 15.11.2018 kl. 15.53. Oppdatert kl. 15.56.

Sandvik har solid politisk erfaring frå politikken i Luster med 12 år i kommunestyret og 12 år i formannskapet, melder Luster Høgre i ei pressemelding. 


Han var også varaordførar i Luster i perioden 2011-2015. 


Mot eigedomsskatt

«Luster Høgre er særs nøgde med at Geir Arve Sandvik er motivert for ein ny periode i politikken og meiner han har dei beste føresetnadene for å bli ein god ordførar for Luster dei neste åra. Dei viktigaste sakene for han i den kommande perioden er å utvikla Luster som ein god stad å bu, gå på skule samt etablera og driva næring», heiter det frå Luster Høgre.


Luster Høgre skriv vidare at med Luster kommune sin solide økonomi er han sterkt imot at noverande fleirtal har innført allmenn eigedomsskatt. Det er Luster Høgre sitt klare mål å fjerna eigedomsskatt på bustader og næringseigedom. 


 


Les meir om: Nyhende Luster Politikk

Siste saker Gå til framsida