LEITEAKSJON: Måndag kveld vart det sett i gang leiteaksjon i Frudalen i Sogndalsdalen. (Kart: Statens kartverk)

Sakna mann funnen i snøskred

Blir frakta med redningshelikopter til Førde sentralsjukehus.

Publisert 27.02.2017 kl. 20.41. Oppdatert kl. 22.48.

Det vart måndag kveld sett i gang leiteaksjon etter ein mann i slutten av 20-åra som vart meldt sakna i eit fjellområde i Sogndal.

Operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt opplyser at mannen vart meldt sakna av familien då dei ikkje fekk kontakt med mannen, som hadde sagt han skulle på skitur.

Politiet har funne bilen til den sakna og det er starta søk i det aktuelle området.

- Det pågår no søk i fjellområdet sørvest for Frudalstunnelen. Det blir søkt innover og oppover i Frudalen, seier Hatlenes.

Mannskap frå Luster skredgruppe, Sogndal Røde Kors og politiet er med på søket.
- Eit Sea King helikopter og mannskap frå Norske redningshunder er på veg, seier Hatlenes.

Siste: Rundt klokka 22.20 melde politiet at den sakna mannen var funnen i eit snøskred og at mannen blir frakta med redningshelikopter til Førde sentralsjukehus.

 

 


Les meir om: Nyhende Politi Sogndal