LEITING: Mange har vore med og leita etter Bjørn Ove Steig frå Leikanger i som er sakna etter båtulykka i Dale torsdag. (Foto: Erik Hovland, Firda)  

Sakna mann er frå Leikanger

Publisert 19.07.2019 kl. 12.19. Oppdatert kl. 13.33.

Politiet frigjer namn på sakna etter båtulykka i Dale i Sunnfjord 18. juli.

Det er den 46 år gamle Bjørn Ove Steig frå Leikanger i Sogn som er sakna etter båtulykka i Dale torsdag.

Politiet frigjer namnet i samråd med dei pårørande, opplyser Vest politidistrikt. 

Mannen vart sakna etter at han fall over bord frå ein båt utanfor Bjerganeset ved Dale i Fjaler. To mindreårige barn, som var i båten saman med han, er tenkne hand om av familie, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Rådmann Odd Arve Rakstad i Leikanger kommune seier kommunen fekk melding om ulukka frå Fjaler kommune torsdag kveld. 

- Me har sikra at vårt kriseteam er orientert og veit at det har skjedd ei tragisk hending. Vårt personell er klare til å bidra viss det trengst, seier Rakstad. 


Les meir om: Nyhende Leikanger Politi