Så mange jervar kan fellast under lisensjakta

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1, i tillegg til tre ulvar.

Publisert 06.09.2018 kl. 10.45.

Lisensjakta gjeld for heile Sogn og Fjordane. Jakttida for jerv er frå 10. september 2018 til 15. februar 2019. For ulv er jakttida frå 1. oktober 2018 til 31. mars 2019.

Det er eit mål å auka talet på jervar som blir felte under lisensjakta slik at behovet for ekstraordinært uttak vert mindre, opplyser Fylkesmannen.

Lisensjegerar kan venda seg til Jegerregisteret for å få lisens på jerv og ulv. Jervejakta og ulvejakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.