Rv. 13 stengd grunna ras - blir ikkje opna i dag

Publisert 14.01.2019 kl. 10.09.

Like etter klokka 10 måndag melde Vegtrafikksentralen at riksveg 13 over Vikafjellet var mellombels stengd grunna snøras.


Det vart då opplyst at entreprenøren vil prøva å få starta brøyting av raset så snart det lét seg gjera. Men klokka 10.19 opplyser Vegtrafikksentralen at grunna snøras og fare for ras, vil vegen ikkje bli opna i dag.


Det er planlagt ny vurdering av situasjonen klokka 10 tysdag.


Klokka 10 var stoda på fjellovergangane er slik:


E16 Filefjell - fare for kolonne på kort varsel


E134 Haukelifjell - kolonne


Rv7 Hardangervidda - stengt


Rv 52 Hemsedalfjellet - Kolonne - kan bli stengt på kort varsel


Rv13 Vikafjellet - Kolonne


Rv15 Strynefjellet - Stengt


Fv 50 Aurland-Hol - Kolonne


Fv53 Årdal-Tyin - Stengt


 


Les meir om: Nyhende Vik Trafikk

Siste saker Gå til framsida