Riksveg 13 stengjer fleire gongar i kveld

Publisert 18.01.2019 kl. 15.39.

Riksveg 13 ved Myrkdalen kjem til å verta stengt i fleire omgongar fredag kveld på grunn av bilberging. Eit tungt køyretøy har køyrd i grøfta, og når bergingsarbeidet startar må dei stengja vegen. Dei kjem i gang tidlegast klokka 17. Vegtrafikksentralen melder at stengingane kjem til å verta på kring ein halv time.


Les meir om: Nyhende Notis Vik