Rekordtidleg: Slik ser det gjerne ut før vegen over Sognefjellet opnar. Men i år er der mykje mindre snø, og vegen kan opna rekordtidleg. (Arkiv)

Rekordtidleg opning av Sognefjellsvegen

Fylkesveg 55 over Sognefjellet opnar tre veker før normalt i år.

Publisert 12.03.2019 kl. 14.34. Oppdatert kl. 15.14.

I løpet av fredag 12. april vil vegen vera open for trafikk. Det vanlege er at vegen over Sognefjellet opnar etter vinterstenging til 1. mai kvart år. I og med at påska i år kjem seint i april har Vegvesenet og fylkeskommunen avgjort at vegen opnar tidlegare.


- Dersom me skulle opna til 1. mai ville mykje av brøytinga ha gått føre seg samstundes med påsketrafikken. Det ynskjer me å unngå, seier Asbjørn Stensrud som er leiar for driftsseksjonen i Statens vegvesen i Oppland.


Stensrud understrekar at det som alltid etter vinterstenging må takast atterhald om at vegen på kort varsel kan bli stengd på grunn av vanskelege vertilhøve og rasfare. Vegen vil også vera nattestengd mellom klokka 20.00 og 08.00 kvar natt fram til 1. mai.


Ordførar Ivar Kvalen i Luster har dermed fått ynskjet sitt oppfylt. 


- Eg vil rosa fylkeskommunen for å høyra på oss. Dette er veldig bra, seier Kvalen.


 


Les meir om: Nyhende Luster