DELER MED ANDRE: - Når gode kollegaer i andre turistbygder og reisemål tek kontakt, er me glade for å dela både erfaring og kunnskap, seier Solrun Hjelleflat, administrerande direktør i Aurland Ressursutvikling AS. (Arkivfoto)

Rekordresultat i Flåm - andre reisemål tek kontakt for å læra

- Utviklinga i Flåm dei seinare åra er prov på at reiselivet gir ein fantastisk moglegheit for næringsutvikling i distrikta.

Publisert 21.10.2019 kl. 12.18.

Det seier Solrun Hjelleflat, administrerande direktør i Aurland Ressursutvikling AS.


Konsernet Aurland Ressursutvikling hadde i andre tertial 2019 ein omsetnad på 187,9 millionar kroner, ein auke på 13 prosent samanlikna med 2018. Resultat før skatt for tertialet vart 104,7 millionar kroner, mot 95,9 millionar kroner i same periode i 2018. Dette er rekord både for omsetnad og lønsemd, går det fram av ei pressemelding.


- Tek kontakt

Hjelleflat fortel at mange reisemål i Noreg har teke kontakt for å læra av Flåm.


- Når gode kollegaer i andre turistbygder og reisemål tek kontakt, er me glade for å dela både erfaring og kunnskap, seier Hjelleflat.


Ho trekkjer fram to suksessfaktorar som har vore sentrale, den første heilskap og heilårsdrift og den andre profesjonell distribusjon og logistikk. 


Utvida sesongen

- Flåm har jobba aktivt over fleire år for å utvida turistsesongen og har no ope heile vinteren. Dette krev både produktutvikling og god samhandling med dei andre lokale aktørane slik at Flåm framstår ope og tilgjengeleg med ulike tilbod, seier ho og legg til at Flåm er like vakker alle årstider.


- Dette er noko dei mange utanlandske turoperatørane som vitja Flåm sist vinter er einige i. Arbeidet med heilårs reiseliv syner allereie gode resultat, og det er fine utsikter også for komande vinter.


Satsinga syner også att i vekst og talet på heilårs arbeidsplassar. Berre i Flåm AS var det 75 heilårstilsette ved utgangen av august, går det fram av pressemeldinga.


Flåm AS har ein stor stab som jobbar med internasjonal marknadsføring og sal for å sikra gjestestraumen til Flåm heile året. I tillegg er det investert store summar i infrastruktur og system som gjer det mogleg å handtera ein veksande turistmengde samstundes som ein tek vare på miljøet og turistane får gode opplevingar, vert det peika på.


Miljøvenleg

- Me er nøydd å tenkja miljøvenleg utvikling. Det er naturen gjestene kjem hit for å oppleva. Difor har me etablert visjon nullutslepp for Flåm. Flåmsbana har gått på rein og fornybar energi i over 70 år. No har me investert i heilelektriske båtar og tilrettelagt for 40 ladestasjonar på Fretheim Hotell fortel ho og opplyser at dei no går no systematisk gjennom alle delar av verksemda for å redusera utslepp.


- Slik viser me respekt for verdsarven og gjestene våre, og berre slik kan me vera attraktive og lønsame over tid, seier Hjelleflat.


Aurland Ressursutvikling og Flåm-klynga har i 2019 halde fram med investeringar for framtidig, berekraftig vekst, skriv selskapet i pressemeldinga.


Flåm Utvikling AS er i gang med å utgreia og førebu innkjøp av nye vogner til Flåmsbana. Det heilelektriske fartøyet Future of The Fjords starta ruteaktivitet på Nærøyfjorden som planlagt i 2018, hybridfartøyet Vision of the Fjords har hatt ruteaktivitet i Nærøyfjorden om sommaren og i Oslo om vinteren og det heilelektriske Legacy of the Fjords skal leverast i juni 2020.


Les meir om: Nyhende Aurland Reiseliv