Rekonstruerer kjend reklamefilm bak disken

Det blir eit aldri så lite kaos på kjøkenet når ein lærdøl og ein aurlending skal samarbeida om denne vekas bakeoppdrag.

Publisert 10.12.2016 kl. 09.00. Oppdatert kl. 10.20.

I den tredje episoden av førjulsserien «Bak disken» på sognavis.no er det denne gongen Tarun Midje Hjelle frå Aurland og Johanne Gjesdal Mo frå Lærdal som skal syna kva dei kan om julebakst.


Oppgåva er berlinerkrans, og her blir det både rekonstruksjon av ein kjend reklamefilm og eit aldri så lite kaos på kjøkenet.


Tarun Midje Hjelle frå Aurland er reiselivsmann og pådrivar for bygda si. Han er med der det skjer, som konsulent og arrangør. Ham meiner mangt om mykje, elskar cruisebåtar og ynskjer seg gondolbane til jul. Johanne Gjesdal Mo er utflytt lærdøl som jobbar i lærdal. Ho nyttar kvit saus på julemiddagen, er sjølverklært ekspert på å baka berlinerkrans, men kan tydelegvis ikkje koka egg.


I den tredje førjulsepisoden til Sogn Avis får me møte to unge og oppriktig friske personar. Dei pratar om bygda si, seg sjølve, tradisjonar og draumane og ynskja dei har. Spennvidda er stor og tankane større.


Kva resultatet blei? Sjå sjølv! Dette vil du ikkje gå glipp av.


Les meir om: Nyhende Video